Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg.
Hå gamle prestegard er ein møtestad mellom samtida og lokalhistoria. Anlegget, som ligg ved havet, består av ulike jærhus, som våningshus og andre driftsbygningar.
Anlegget har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og kulturhistoriske utstillingar, kommisjonssal av kunst, kafé med lokale matvarer, seminar og utleige av lokale. I tillegg leigar me ut til overnatting på Obrestad fyr.
Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg.
Hå gamle prestegard er ein møtestad mellom samtida og lokalhistoria. Anlegget, som ligg ved havet, består av ulike jærhus, som våningshus og andre driftsbygningar.
Anlegget har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og kulturhistoriske utstillingar, kommisjonssal av kunst, kafé med lokale matvarer, seminar og utleige av lokale. I tillegg leigar me ut til overnatting på Obrestad fyr. Me arrangerer konsertar og konferansar, og litteratur- og temakveldar. Omvising etter avtale.
Prestegarden er ein av dei mest besøkte utfartsstadene pÃ¥ Jæren, og er eit godt utgangspunkt for kortare og lengre turar langs Kongevegen og Nordsjøvegen.Â
Kafe
Kaféen pÃ¥ HÃ¥ gamle prestegard har unike lokalar i ein storslÃ¥tt natur. Me legg vekt pÃ¥ kortreist mat frÃ¥ lokale produsentar. Menyen varierer frÃ¥ dag til dag. Du fÃ¥r godt brød med pÃ¥legg og tilbehør, heimelaga suppe, grov "skjeva" med Jarlsberg produsert pÃ¥ Nærbø med meir. Me har alltid heimebaka lefse og kaker.Â
Obrestad Fyr
Obrestad fyr er frå 1873. Det vert automatisert i 1991. I 2006 kjøpte Hå kommune fyret av Kystverket. Eit mål med kjøpet er å bevare kulturen og historia til anlegget, og vise korleis fyr kan nyttast i nye samanhengar.Sjølve fyrbygningen er i dag fyrmuseum og står slik det var i 1991.
Telefon: +47 51 79 16 60